Skjolden Llamas

Velkommen til Skjolden Llamas

Skjolden Llamas er ein del av gardsdrifta som er eigd av Simon & Monika Page. Du finn oss i “Gulbrandsgarden”, Skjolden. Luster Kommune, Sogn og Fjordane, Norge.

Vi kjøpte våre 2 første lamaer sommaren 2005, og blei så imponert over desse snille og intelligente dyra at vi kjøpte 9 til året etter. I tillegg vart den første folen fødd på garden. Lamaflokken vår har no vokse til ca. 30 dyr, og veks framleis.

Vi har vanligvis dyr til salgs – tilbyr turar med lamaer – og har ubehandla lamaull som vi kan selge. I tillegg til lamaer, dyrkar vi mange ulike grønsaker og frukt, som vi sel direkte frå gardsbutikken vår. Vi leverer også til lokale butikkar.

Jordbær og nypoteter kan kjøpast frå tidleg juli, deretter moreller, bringebær, plommer, blåbær, epler og salat.

Kontaktinformasjon:

Simon & Monika Page
Mobil: 97425369
Telefon: 57686585
Email: info@skjoldenllamas.net

Address:

Skjolden Llamas
Gulbrandsgarden 6876
Skjolden, Norge

For meir informasjon om attraksjonar og aktivitetar i det flotte og spennande området vi bur, besøk websida: www.skjolden.com

Skjolden Llamas