Skjolden Llamas

Skjolden Llamas

Skjolden Llamas

Turar Og Aktivitetar

Besøk Skjolden, møt lamaene og gled deg over ein spesiell opplevelse. Garden ligg berre 500m frå Skjoldensentrum, nær Mørkridselva.

Under finn du kva tilbod vi har i 2011. Sesongen vår er frå 1.mai til 9.september. Vi kan likevel organisere turar til andre tider – eller legge til rette for alternative aktivitetar, venligst kontakt oss for å diskutere eventuelle ønske.

Bestill via Turistinformasjonskontora i Luster Kommune, eller ta direkte kontakt med garden.

Elvetur

Møt lamaene, lær å handsame dei, og du kan leie dei på ein triveleg tur langs Mørkridselva. Minimum 2 personar/tur.

Varigheit: Ca. 1 time
Pris: Kr. 120,-/person (Barn under 12 år Kr. 90)

Dagstur i Mørkridsdalen Landskapsvernområde

Dette er ein guida tur som startar ved parkeringsplassen på Hyrnavollen, der Mørkridsdalsvegen sluttar (transport kan ordnast frå Skjolden). Vi følgjer Mørkridselva oppover fram til Stølshuset vi har på Liane, der ein “picnic lunch” og forfriskningar vil bli tilbydd. Du vil ha god tid til å slappe av og utforske dette området før vi returnerer til parkeringsplassen.

Landskapet i dette området er vakkert, og gir ein spesiell opplevelse. Du vil gå langs små vatn og fossar i selskap med lamaene våre, som vil bære det du måtte ha med deg – inklusive lunchen. Sjølv om det er noko motbakke (Liane ligg 480 m.o.h.), er stien god og lamaene held einrolig gangfart. Turen tek ca. 2,5 timar kvar veg. Minimum 2, maximum 10 personar/5 lamaer pr. tur.

Varigheit: Heil dag, 8-9 timar.
Pris: Kr. 650,-/person (barn 6-12 år kr. 500)

Gardsbesøk

Kom på garden og besøk lamaene.

Du kan: 1. Bli kjent med lamaene vi har heime, fore dei med korn, hjelpe til med å setje på grime og leie dei rundt i inngjerdingen.
Eller: 2. Vi tek ein kort tur langs Mørkridselva der avlsflokken tilbringar sommaren. Mødrene og folane kan vi kome nær og mate.

Tidspunkt og dato for gardsbesøk vil bli annonsert på turistinformasjonen i Skjolden og ved gardsporten. Du treng ikkje gjere avtale på førehand. Gardsbesøk vil stort sett bli på kveldstid.

Varigheit: ca. 30 minuttar.
Pris: Kr. 40,- (barn under 12 år kr. 30,-)

Gardsbesøk kan arrangerast for større grupper øgså, f.eks. trenings-/øvingsopplegg. Venligst kontakt oss for å diskutere behov de har og gruperabatt.